Tilbake

Folk og folkeliv
Bli med på ei fargerik tidsreise, fortald gjennom mesterverk frå Grieg Kunstsamling.
I utstillinga Folk og folkeliv inviterer Oseana kunst- og kultursenter deg med på ei fargerik og fascinerande tidsreise, fortald gjennom meisterverk frå Grieg Kunstsamling. Her møter du kunsten som var med på å forme sjølve biletet av Noreg, side om side med verk som viser liva våre på heilt nye måtar.
På 1800-talet, reiste kunstnarar som Adolph Tidemand land og strand rundt for å fange den «evige» norske kulturen. I storslåtte og detaljerte måleri av bunadskledde bønder, dramatiske fjordlandskap og tradisjonsrike bondestover, måla dei fram ein nasjonal identitet vi framleis kjenner oss att i.