Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

LIV STAUPE

40% av verdas befolkning bur ved havet, i fjæresona. Allmenningen over vatn fortset under havoverflata, og det vi finn der er like viktig som landjorda for alt liv på jorda. Dette rommet er spennande og uutforska. Vi veit så lite om det, men vi brukar det hemningslaust.

Eg har i lengre tid vore oppteken av korleis naturkreftene pregar plast som havnar på avveie i havet. Det kan sjå ut til at naturen prøver å ta plasten tilbake, løyse han opp, slik han gjer med nedbrytbare naturmaterialer. På mine turar ytterst i havgapet på vestsida på Karmøy finn eg plast, tau, trål, storsekker osv i ulike stadier i denne oppløysingsprosessen – duvande i takt bølgjene eller stikkande opp i sanddynene, subtilt samanfletta med tang og tare . Dei er ikkje lette å skille dei frå naturens materialer. Havet herjar med og slenger tau og garn på land, surrar dei rundt kampesteinar, der dei vert fletta saman med plastflak og tang og set seg fast til neste storm kanskje knyter dei opp att .

Mykje av materialene eg har nytta i arbeidet er funne langs sjøen på heimplassen min, Holmen, som ligg ytterst i havgapet, samt strekninga frå Åkrasanden til Ferkingstad. Materiala til “Storsekk Mortholmen” og “Storsekk Svendsholmen” låg og duva i sjøen like ved der eg bur – vakkert slitt. Til tross for den grove strukturen kunne de minne om heimens tekstiler med tydeleg toskaftvevnad. Storsekk, som blir brukt til oppbevaring og sending av varer, alt frå fiskegarn og redskaper til avfall, havnar altfor ofte på avveie i havet eller i landbruket.

Før gjenbrukte ein tekstiler – det var ein knapp ressurs det var tidkrevjande å produsere sjølv og dyrt å kjøpe. I arbeida mine gjenbruker eg “prydtekstiler” som dukar o.l og industrielle tekstiler som posar og storsekker. Broderia mine er inspirert av broderte sendingsplagg eller kurvklede –som “Lå over sendingskurven når den ble båret til bryllup, barsel og begravelse.” Sendingsplagg er kategorisert som : “Matens servering og fortæring og Omsorg i livets overganger” (ref: Digitalmuseum). Broderia på mange av dei som er bevart er slitt og fragmenterte, i oppløysing slik plasten er. Eg har leika meg med fragmenter av border, roser og åttebladroser frå sendingsplagga i broderia mine på storsekk – som kan sjåast på som dagens sendingsplagg…

I “Dekonstruert duk” broderer eg vidare rundt dukens eksisterande blomemotiv og ornamenter. Eg bygger opp flater med nål og tråd, som ei langsomt framskridande lavering der eg leitar etter balanse i komposisjonen. Den dekonstruerte duken er ikkje lengre funksjonell – flata er i oppløysing, dei vakkert broderte blomane renn ut av flata…“Vi driter i vårt eget matfat” seier professor Geir Wing Gabrielsen for å sette fokus på mengden plast i havet – vårt største spisskammers.

Eg har dekka opp til “Havets gjestebud” med sendingsplagg og kortreist “mat” funne på strekninga Åkrehamn –Ferkingstad. I prosessen testa eg rettane ved å søke med foto av dei på Googles AI-funksjon. AI tolka rettane som laga av ekte råvarer, henviste til restaurantar med Michelinstjerner som t.d Renaa. I likhet med fuglar, fisk og andre skapningar, har eg latt meg lure til å tru at mine vakre plastfunn var naturskapte. Sjøfugl og fisk kan tru at små plastbitar er fiskeegg og at plastposar er maneter og dermed mate ungane sine til døde med plast.

Rosa går igjen i arbeida mine og det finst eit sagn om korleis rosa blei til. Då Afrodite- kjærleiksgudinna – steig opp av havet på Sipon trilla vassdropane av ho og blei til roser. I arbeidet mot denne utstillinga har tankane rundt det eg driv med bevega seg frå litt motløyse over all plasten eg fann på min veg, til at broderia mine spring ut frå mi kjensle av å vere eitt med naturen. Eg vil ved å skape desse styggvakre objekta dele min djupe respekt og kjærleik til naturen .