Tilbake

Pels!
Ny utstilling kjem! Torsdag 4. juni opnar vi ei spanande utstilling om pelsdyr – ei næring fylt av kontrastar! I 2025 vart pelsdyrnæringa avvikla i Noreg etter ein lang prosess. Det betyr ikkje at spora etter næringa er borte. Spora finn vi her på Sunnmøre i landskapet, hos menneska som jobba i næringa, i klesskapet, på bilete og i arkiv. Utstillinga vil handle om norsk pelsdyravl si omlag 100 år lange historie, med utgangspunkt i lokale forhold her på Sunnmøre. Samstundes vender vi blikket mot internasjonale motar - og mot Canada, der moderne pelsdyrhald starta. Eit skiftande internasjonalt motebilde og syn på dyrehald påverka pelsdyr og bønder i heile Noreg. Korleis påverka eit motebilde i endring pelsdyrhald og bønder? Utstillinga ønskjer å belyse korleis næringa starta, kvar pelsdyrbøndene henta kunnskap og lærdom frå og korleis dei omsette denne til lokale tilhøve. Vi vil sjå på korleis pelsdyrnæringa har bidrege til lokal og regional verdiskaping. Nasjonalt forskingsprosjekt. Utstillinga er fagleg forankra i eit nasjonalt forskingsprosjekt om pelsdyrnæringa, der Viti samarbeider med fleire andre museer. Vi gler oss til å ønskje deg velkomen! Les også artiklane om pelsdyrnæringa.