Tilbake

Samlingsutstilling
I haust viser vi eit utval av dei finaste verka frå Grieg Kunstsamling i det storslåtte gallerirommet på Oseana kunst og kultursenter. Her blir det gjensyn med kjende klassikarar, side om side med verk som kanskje overraskar.
Samlingsutstillinga står frå 30. september – 20. desember.
Øyvind Sørfjordmo & Ole Messel
I Galleri hvelvet vil du også kunne sjå duoutstillinga med to av Noregs mest etterspurde målarar, Øyvind Sørfjordmo og Ole Messel. Denne utstillinga står fram til 1. november, og byr på ei rekkje nye verk frå dei to kunstnarane.
Omvising
Opplev utstillinga saman med ein av våre formidlarar søndagar kl. 13:00. Omvisinga er inkludert i inngangsbilletten.