Tilbake

Skeive ornament
Skeiv seksualitet i kunst er ikkje noko nytt. Gjennom alt frå historiske manuskript til nyproduserte verk kan du no oppleve overfloda og kompleksiteten i skeive uttrykk frå den islamske verda.
I utstillinga møter du eit breitt spekter av verk og teknikkar som på ulike vis skildrar eller hintar til mangfaldig seksualitet: frå det eksplisitte til det koda og ornamentale. Her er historiske fliser, tekstilar og illustrasjonar utstilte side om side med nyproduserte installasjonar, måleri og skulpturar.
Kva historier har vi blitt fortalt før, og korleis påverkar dei oss og tolkinga vår av det vi ser? Kan mønsteret på ei keramisk flis eller eit teppe bli sett på som skeivt? Og kan det vere tolkingar som ligg skjult i verka, og som berre ventar på å bli oppdaga?
«Skeive ornament» spenner over meir enn tusen år og fem kontinent og kan by på verk av over 30 kunstnarar, handverkarar og produsentar. Her finn du alt frå forgylte fat frå 1000-tals Egypt og fliser frå 1200-talet til samtidige installasjonar, videoverk, skulpturar og måleri.
Fleire av dei historiske verka har ukjent opphav, og vi veit meir om konteksten dei blei skapte i, enn om personane som laga dei. Utstillinga utforskar historier og periodar som er fulle av transformasjonar, omsettingar og utvekslingar på tvers av kulturar og landegrenser.
Fire samtidskunstnarar har produsert nye verk til utstillinga. Dei arbeider alle med historiske kjelder og leiker med og manipulerer historia på ulike vis: I «Queer Alterations» byter Kasra Jalilipour kjønn på figurane i eit persisk 1800-talsmanuskript som skildrar seksuell omgang. Rah Eleh har produsert ein 3D-printa skulptur basert på ein eksplisitt mughalsk illustrasjon frå 1600-talet. Verket til Sa’dia Rehman er ei tosidig teikning med repeterande arkitektoniske element, mellom anna frå Taj Mahal og religiøse bygningar, og Damien Ajavon presenterer eit tekstilverk som tek utgangspunkt i vernande symbol.
Deltakande samtidskunstnarar: Damien Ajavon, Kasra Jalilipour, Sa'dia Rehman, Rah Eleh, Kuldeep Singh, Taner Ceylan, Ramin Haerizadeh, Rokni Haerizadeh, Hesam Rahmanian, Lynette Yiadom-Boakye, Shahzia Sikander, Chaza Charafeddine, Kiki Salem og Alize Zorlutuna.