Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

Utstillingsopning: IDYLL

Kva betyr idyll for deg? Er det ein varm sommarkveld med lang solnedgang, eller ein kveld med vener på ein bar? Ein tur med barna på fjellet, eller iskrem og Netflix på sofaen?

Mange kunstnarar har prøvd å fange denne tilstanden på ulikt vis. I denne utstillinga får du sjå nokre av dei, frå tidleg 1800-tal og fram til i dag.

Opplev kunstverk av mellom andre Gude, Astrup, JC Dahl, Nørregaard, Tannæs, Skredsvig, Krohg, Weidemann, Salo Jæger, Wanthiang, Sørfjordmo, Melberg og Edenmont.

Velkommen til høgtideleg opning onsdag 29. april kl. 19:00. Gratis inngang.