Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

Brudavolltunet

Brudavollen er eit autentisk gardstun som ligg solrikt og idyllisk til høgt oppe i dalsida i Ørsta kommune.

Både bygningar og landskap har høg kulturhistorisk verdi, og fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet.

Foto: Marius Beck Dahle / Viti

Eldste delen av bygningane er frå 1600-talet. Hageanlegget vart etablert kring 1830, og var til inspirasjon for hagedyrkinga i distriktet som tok til utover 1800-talet.

Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet, etter å ha lege aude lenge. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ein ny stad. Dagens tun er bygd tidleg på 1800-talet.

Garden var ei tid av dei største i gamle Ørsta. Før som no har folk vore nøydde til å søkje andre levevegar eller nye stader for å livberge seg. Banda mellom heimegarden og dei utflytte var ofte solide, og impulsane utanfrå gjorde at folket på Brudavollen følgde godt med i samfunnsutviklinga. Frå Brudavollen kom mellom anna den første sunnmøringen som vart nordamerikanar for godt, og den første jordmora i gamle Ørsta kommune.

Brudavollhagen vart opparbeidd av Nils Torkelson Brudevold, truleg i 1830-åra. Det skal vere ein av dei første hagane i Ørsta som er knytt til ein gard.

Brudavolltunet har tilknytt eit moderne administrasjonsbygg med kjøken, internett og selskapslokale som er til utleige.

Aktuelle utstillinger