Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

Fiskerimuseet

Ålesund er grunnlagd på fiskeri og handel. Fiskerimuseet fortel historia om framveksten av det moderne fiskeriet og korleis det forma byen og omlandet.
Museet ligg i Holm-bua i indre hamn i Ålesundet, i ly av Molja og hamnefyret. Gata museet ligg i, er den best bevarte husklyngja i Ålesund frå før bybrannen i 1904.

Holm-bua, eller Jervell-bua, som eldre ålesundarar kallar henne, er eit landemerke i indre hamn i Ålesund. Bygninga vart oppført av konsul Frederik Hanssen omkring 1858. Sjøbuene dominerte bybiletet i Ålesund frå sjøsida og fortel om stor aktivitet og handel med ulike fiskeprodukt. Då Oluf Holm AS overtok bua, og etter kvart det meste av bygningane i Molovegen, dreiv dei storstilt framstilling og eksport av medisintran.
Utstillingane i Fiskerimuseet viser korleis fiskeria både ved kysten og til havs har forma byen og omlandet. I takt med at fiskeflåten og aktiviteten auka i andre halvdel av 1800-talet, voks det fram landbasert fiskeriindustri i Ålesund.
I 1850-åra gjorde Peter Møller eit gjennombrot i framstillinga av medisintran. Anlegget han bygde på øya Giske utanfor Ålesund, var avgjerande. Fiskerimuseet viser ei stor samling av produksjonsutstyr, som fortel historia om denne industrien.
Klippfisken var ei viktig eksportvare, som førte til omfattande kontakt med land i Sør-Europa og Sør-Amerika. Klippfiskutstillinga i Fiskerimuseet tek for seg produksjonsutviklinga på Sunnmøre, eksportmarknaden, utstyr og ulike typar klippfisk.
I havfiskeutstillinga fortel vi om utviklinga av fiskeflåten frå den opne åttringen og fram mot dagens fiskefartøy. Teknologi og fangstmetodar er i kontinuerleg utvikling, og Sunnmøre er i dag leiande på skipsbygging globalt.
Utstillinga VEL I HAVN er eit møte med sunnmørslosen frå mellomalderen og fram til i dag. Historia er rikt skildra gjennom gjenstandar, lyd og forteljingar.

Aktuelle utstillinger