Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

Galleri Guddal

Om galleriet

Gøril Guddal starta Galleri G Guddal i 1993. Den første utstillinga i 1993 blei ein umiddelbar suksess med over 70 selde bilete.

Etter ein beskjeden start med berre nokre få kunstnarar har galleriet i dag ei butikkavdeling (kommisjonssal) med over 100 kunstnarar som faste leverandørar; bilete, skulptur, keramikk, glas, smykke, kunstbøker, tekstil osv. Alltid nokre nye kvart år medan andre kanskje avsluttar sitt virke. Nyhende og sirkulasjon, men fleire har faktisk følgt galleriet heilt frå dei første åra.

Å byggja opp ei kommisjonsavdeling for kunst er eit nitidig arbeid der ein må tenkja både ”børs og katedral”. Gjennom 25 år har galleriet sett skiftande trendar og nødvendigheten av å fornya seg, men også sett at kvalitet aldri går av moten. Folk vil alltid vera på leit etter den tingen som ein vil ta med heim fordi det har treft noko i ein. Det kan vera ein kopp som er så skakk og skeiv at du veit den aldri kan kopieras eller den som er så vakker at du berre veit den må bli din.

I 2001 opna Folgefonntunellen og vegen til Odda og Tyssedal blei kort. Galleriet hadde i tre sommarsesongar avdeling ved Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Men etter som aktiviteten i Rosendal auka kraftig desse åra fall valet på å konsentrera seg om ein fysisk stad. I ein faghandel, som eit galleri verkeleg er, er det viktig å vera til stades med den kunnskapen ein etter kvart har tileigna seg.

I 2014 opna galleriet i nye lokale i Guddalstunet (ca 5 km frå Rosendal sentrum).
Løa i tunet har blitt eit heilt moderne galleri der hovudfokuset har vore utstillingsrommet med alle nødvendige fasilitetar.
Dei romslege lokala har opna for større utstillingar og kunstnarane får presentert seg på ein betre måte.

Aktuelle utstillinger