Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

event.name

Møbelmuseet

Det som byrja ved høvelbenken i kjellaren vart til verdskjende ikon og storindustri.

Møbelmuseet i Sykkylven fortel den eventyrlege historia om korleis Sunnmøre vart eit kraftsenter for møbelindustri, med kundar over heile verda.

Dette er ei historie om gründerånd og skaparkraft, og om store endringar i små lokalsamfunn.

Foto: Viti

Tungt arbeid i landbruk og fiskeri lærte sunnmøringen verdien av å sitje godt når han endeleg kunne slengje seg nedpå. Møbelbransjen har gjort skam på bedriftsøkonomiske teoriar om kor viktig det er med kapital og lett tilgang til råvarer og marknad. For det stod på ingen måte skrive i stjernene at desse brattlendte bygdene i vest skulle bli eit tyngdepunkt for norsk møbelproduksjon.

Museet er eit dokumentasjonssenter for den norske møbelindustrien. Møbelmuseet har eit rikhaldig bibliotek, arkivmateriale frå ei rekkje møbelbedrifter, biletarkiv og ei stor samling møblar og produksjonsutstyr som viser utviklinga av den møbelindustrielle produksjonen i Noreg frå starten tidleg på 1900-talet og fram til i dag. I den faste utstillinga kan du sjå møblar frå heile den meir enn hundre år lange historia til norsk møbelindustri.

Møbelmuseet er samlokalisert med Naturmuseet i Sykkylven sentrum.

Møbelmuseet har eit aktivt frivillig miljø som samarbeider med tilsette i Viti.