Tilbake

Naturmuseet
Naturmuseet i Sykkylven viser korleis plantar, dyr og fuglar skaper ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt, der alle brikkene til saman utgjer ein heilskap.
Naturmuseet viser i utstillinga MOSAIKK mangfaldet i natur, dyre- og fugleliv i dei kystnære fjordane på Sunnmøre.
MOSAIKK spenner vidt i tid og fortel historier om plantar, dyr og fuglar.
Her er dramatiske hendingar i kanten av innlandsisen, fuglar som badar og vadar, listige jegerar og flittige samlarar.
Naturmuseet viser også temporære utstillinga knytt til ulike tema.
