Hopp til innhold

Få oversikt over kunstscenen i Norge!

Tilbake

Ingrid Toogood | PRETENDINGS

14. november 2026–10. januar 2027

Hå Gamle PrestegardHåvegen 3474365 Nærbø

I utstillinga Pretendings vil Ingrid Toogood syna ein ny serie store måleri på lerret og mindre arbeid på papir.

Tittelen Pretendings viser både til forma og innhaldet i arbeida. Illusjon har vore eit gjennomgåande tema i kunstnarskapen til Toogood. Ho skaper verk som gir seg ut for å vere noko anna enn det dei er. Dei kan sjå tredimensjonale ut, men når ein kjem tett på, blir illusjonen broten. I denne nye serien fører ho vidare den måleriske utforskinga si av det ytre og det indre – av fasade og bakside.

Pretendings kan forståast som «det å late som». Gjennom livet hamnar vi alle i situasjonar der vi kjenner behov for å late som. Vi lèt som om vi er trygge og vaksne, eller som om vi har kontroll – også når livet viser oss at det meste ligg utanfor vår kontroll. Det blir ein måte å verne oss sjølve på.

Måleria i denne nye serien spring ut av Toogood sin daglege rutine med å lage mindre kollasjar på papir. Ho målar, klipper og limer, og arbeider intuitivt med form, farge og komposisjon. Denne arbeidsmetoden lèt dagsforma påverke uttrykket og gir det indre fritt spelerom. Deretter vel ho ut enkelte arbeid som blir omsette til større måleri på lerret. Her tilfører ho bileta djupn og mørke – eit lag som opnar seg innover i flata og skaper ein illusjon av eit rom bak måleriet, mellom anna gjennom måla skuggar.

Ingrid Toogood (f. 1976) bor og jobbar i Stavanger, Noreg. Ho er utdanna ved Kunsthøgskolen i Oslo (2002). Dei siste separatutstillingane hennar omfattar Pretending to Stay Calm, ISCA Gallery (2026), Livet stormar og strøymer, Bryne kunstforening (2025), Yesterday in My Pocket, LNM (2024), The Four Chambers, Tou (2023), Spending Time with My Cat, ISCA Gallery (2021), Brother and Sister, KinoKino (2020), Brist, Elephant kunsthall (2018) og You Are Beautiful. You Are Alone, Kristiansand kunsthall (2015).

I 2022 deltok ho med verket I Longed for It på opningsutstillinga til Nasjonalmuseet. I 2023 gjennomførte Toogood to større utandørs kunstprosjekt ved Varmen og Schancheholen brannstasjon i Stavanger.

Arbeida hennar er kjøpte inn av mellom anna Nasjonalmuseet, Oslo kommunes kunstsamling, Noregs Bank, Stavanger kunstmuseum og Universitetet i Oslo.

Utstillingen er støttet av Billedkunstnernes vederlagsfond og Rogaland fylkeskommune.