Tilbake

Hå Gamle Prestegard
Hå gamle prestegard er ein kunst- og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg.
Hå gamle prestegard er ein møtestad mellom samtida og lokalhistoria. Anlegget, som ligg ved havet, består av ulike jærhus, som våningshus og andre driftsbygningar.
Anlegget har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og kulturhistoriske utstillingar, formidlingssal av kunstverk, kafé med lokale matvarer og utleige av lokale. I tillegg leigar me ut til overnatting på Obrestad fyr.
Me arrangerer konsertar og konferansar, og litteratur- og temakveldar. Omvising etter avtale.
Prestegarden er ein av dei mest besøkte utfartsstadene på Jæren, og er eit godt utgangspunkt for kortare og lengre turar langs Kongevegen og Nordsjøvegen. Anlegget er ein del av Hå kommune sin kulturminneplan.
Området rundt Hå gamle prestegard har ei rik historie som går 9000 år tilbake i tida.


