Tilbake

Luca Berti - JAREKLANG
I fotoutstillinga Jareklang undersøker den dansk-italienske fotografen Luca Berti forholdet mellom menneske, landskap og historie på Jæren. Gjennom analoge fotografi skapte under kunstnaropphald i regionen, dokumenterer han eit kulturlandskap i endring, forma av jordbruk, fiske og generasjonar med tett samspel mellom natur og menneske. Med inspirasjon frå den nordiske fotodokumentariske tradisjonen skildrar Berti menneska og landskapet som ber spor av både kontinuitet og endring. Utstillinga inviterer publikum til ei nær og sansleg oppleving av fotografiet som både dokument og kunstnarleg uttrykk, og fungerer samstundes som eit visuelt portrett av dagens Jæren.
Prosjektet er eit samarbeid med Jærmuseet.
Luca Berti (f. 1978) er ein Italiensk fotograf frå Firenze, som bur og arbeider i København i Danmark. Han studerte fotografi i Milano frå 2000 til 2003, og har meir enn 25 års erfaring innan både kunstnarisk og kommersiell fotografi. Berti arbeider hovudsakleg med analogt svart-kvitt-fotografi og er særleg oppteken av forholdet mellom menneske, landskap og kulturarv. Sidan 2011 har han arbeidd med det langsiktige prosjektet Man and Nature, der han dokumenterer rurale samfunn og levemåtar i Norden og Baltikum. Arbeida hans har vore viste ved ei rekkje museum, kunsthallar og fotofestivalar, mellom anna Bucharest Photo Festival (RO), Dokfoto Keskus (EE), Haugesund billedgalleri, Valdresmusea, Ryfylkemuseet, Borgarsyssel Museum, Augustiana Kunsthal (DK), Pärnu Museum (EE) og fleire andre institusjonar i Norden og Baltikum.