Tilbake

SOFAEN – det sosiale møbelet
«SOFAEN – det sosiale møbelet» viser sofaens utvikling gjennom dei siste hundre åra.
Sofaen er større enn stolen, men likevel meir smålåten og anonym. Dei fleste kjenner namnet til ein stol eller fleire – Tripp Trapp, Siesta, Stressless, men det er nok dei færraste som kan kome opp med eit namn på ein sofa.
Stolar har vore heidra med mange titals designprisar, sofaen har ikkje fått like mykje designheider.
Likevel er sofaen eit favorittmøbel for nordmenn. Sofa var lenge det meste søkte ordet på Finn.no.
Når vi inviterer folk med heim, samlast vi til hyggeleg lag i sofaen. Sofaen er det sosiale midtpunktet i mange heimar. Dette er også staden for kvile etter lange arbeidsdagar, og for avkopling med handarbeid og fjernsynstitting.
I utstillinga vil du møte kjende og klassiske sofamodellar, men truleg også sofaer du ikkje har sett før.
Vi vil vise kvifor sofaene har sett ut som dei har gjort, og vi vil vise at ein sofa kan vere så mangt.
I utstillinga har vi også ein aktivitetskrok, der ein kan prøve seg som sofabyggjar.